«Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)» er ein song av Elton John med tekst skriven av Tom Robinson, gjeven ut på albumet 21 at 33 i 1980. I Storbritannia vart singelen gjeven ut som «Sartorial Eloquence» og i USA som «Don't Ya Wanna Play This Game No More?». Singelen gjorde det middels og nådde berre 39. plass i USA. Musikalsk er songen eit døme på popballadane som dominerer dei fleste songane på albumet.
Songen vart meir kjend i heimlandet utover i 1980-åra då han vart nytta i BBC si årlege dekning av verdsmeisterskapen i snooker.
Medverkande Elton John – solo- og korvokal, overdubba piano, akustisk piano Reggie McBride – bassgitar Steve Lukather – elektrisk gitar James Newton Howard — elektronisk klaverspelar Victor Feldman – tamburin Alvin Taylor – trommer Venette Gloud – korvokal Carmen Twillie – korvokal Stephanie Spruill – korvokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)» frå , den 23. november 2011.
Kategori:Elton John-songar Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar skrivne av Tom Robinson Kategori:The Rocket Record Company-singlar