Agnes Elisabet Hilden Kittelsen () er ein norsk skodespelar frå Vågsbygd i Kristiansand.

Karriere

Agnes Kittelsen er utdanna ved Statens teaterhøgskole, der ho vart uteksaminert i 2003. Som ein del av utdanninga deltok ho i ei moderne oppsetjing av Aladdin som amatørskodespelar i 2002.

Ho debuterte på fjernsyn i 2004 i NRK-serien Skolen, og spelte same året i kortfilmen Bagasje. Året etter hadde ho ei birolle i Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer. Hausten 2005 spelte ho ved Den Nationale Scene hovudrolla i Alice i Eventyrland.

Langfilmdebuten til Kittelsen kom med filmen Max Manus i 2008, der ho spelte Tikken Manus, kona til hovudpersonen. For denne rolla vann Kittelsen Amandaprisen for 2009 i klassen «beste kvinnelege birolle».

Etter dette spelte Kittelsen i fjernsynsserien Honningfellen (2009), før ho i 2010 fekk hovudrolla i den norske komedien Sykt lykkelig, med regi av Anne Sewitsky. Ho hadde også ei rolle i fjernsynsserien Dag.

Kittelsen har også hatt rolla som Unn den fagre Herøyspelet i mange år.

Privatliv Kittelsen har ein son med den tidlegare sambuaren sin, skodespelaren Endre Hellestveit.-Det aller viktigste er å være til stede for Vetle , Seher.no, 18. oktober 2011

Sidan 2013 har ho vore saman med den svenske musikaren Lars Winnerbäck. Paret gifta seg i Stockholm 30. april 2016. I mars 2019 fekk dei ei dotter.

Rolleliste

2004: Skolen (fjernsynsserie) 2004: Bagasje (kortfilm) 2005: Alice i Eventyrland (teater) 2005: Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer (miniserie) 2006: Road Movie (kortfilm) 2007: Kaldt produkt (teater) 2008: Max Manus (film) 2009: Honningfellen (fjernsynsserie) 2010: Sykt lykkelig (film) 2010: Neglect (kortfilm) 2010: Dag (fjernsynsserie) 2012: Halvbroren (fjernsynsserie) 2012: Kon-Tiki (film) 2014: Herøyspelet (teater)

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Agnes Kittelsen» frå , den 25. november 2011.

Bakgrunnsstoff

Profil på Filmweb.no Profil på Filmfront.no Profil på TV 2 Underholdning Profil på imdb.com

kategori:Folk frå Kristiansand kategori:Norske skodespelarar kategori:Vinnarar av Amandaprisen