André Øvredal () er ein norsk filmregissør og manusforfattar. Karriere

André Øvredal utdanna seg innan film (Bachelor of Arts) ved Brooks Institute of Photography i California frå 1996. Her regisserte han thrilleren Future Murder, som kom ut i 2000. Sidan 1998 regisserte han over 100 reklamefilmar før han lanserte langfilmen Trolljegeren i 2010. Filmen hadde eit budsjett på nesten 20 millionar kroner, og hadde m.a. Otto Jespersen og Robert Stoltenberg i hovudrollene. Øvredal var både regissør og manusforfattar på filmen, og filmen vart også send i utlandet.

I 2010 vann Trolljegeren Folkets Amanda under utdelinga av Amandaprisen.

André Øvredal er no aktuell med den nye kortfilmen Tunnelen, basert på ei science-fiction-novelle av Alice Glaser. Filmen finn stad i ei framtidig verd prega av sterk overfolking.Pravda.no: Ny kortfilm fra André Øvredal

Filmografi

1996: Future Murder (film, regi, manus, produsent) 2001: Ikingut (film, regi av dei norske stemmene) 2001: 3AM Eternal (kortfilm, produsent) 2010: Trolljegeren (film, regi og manus) 2011: Tunnelen (kortfilm, regi)

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «André Øvredal» frå , den 26. november 2011.

Fotnote

Kategori:Norske filmregissørar Kategori:Norske manusforfattarar