John Dee () var ein engelsk alkymist, astrolog og matematikar.
Han oppheldt seg med studiar og forelesningar på kontinentet frå 1547 til 1550, og reiste attende til England i 1550. Han vart då astrologen til dronning Maria I Tudor. Han vart arrestert for å vere magikar, men vart lauslaten i 1555 og fortsette som astrolog då Elizabeth I tok over trona etter Maria i 1558. Dee medverka til auka interesse for matematikk i England, og ein trur at han omsette delar av verket til Euklid, som kom på engelsk i 1570.
Kjelder John Dee. (2011-11-30) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/John_Dee
Kategori:Engelske astrologar Kategori:Engelske astronomar Kategori:Engelske geografar Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Engelske filosofar Kategori:Oppfinnarar av skriftsystem Kategori:Folk frå Tudor-tida Kategori:Fødde i 1527 Kategori:Døde i 1600-åra Kategori:Matematikarar på 1500-talet