«Dear God» er ein song av Elton John med tekst av Gary Osborne. Songen kom ut på albumet hans 21 at 33 frå 1980. Teksten er hovudsakleg basert på verdsfred og kjærleik, og korleis folk har svikta Gud. Det er den kortaste songen på albumet og vart gjeven ut som singel. Singelen selde heller dårleg, men nådde 82. plass på lista i Australia.

Singelen var opphavleg meint å berre ha ei B-side, «Tactics», men vart i staden gjeven ut som ei dobbelplate, med to songar til på den andre singelen, «Steal Away Child» og «Love So Cold». To songar vart seinare nytta som B-sider for singlar frå albumet Breaking Hearts, og finst enno ikkje på CD.

Som mange av tidlegare Elton John-songar, syng The Beach Boys, Toni Tennille og Peter Noone frå Herman's Hermits korvokal på songen.

Medverkande Elton John - solo- og korvokal, overdubba piano, akustisk piano James Newton Howard - Rhodes piano Steve Lukather - elektrisk gitar Reggie McBride - bassgtitar David Paich - orgel Clive Franks – tamburin Curt Becher – korvokal Joe Chemay – korvokal Bruce Johnston – korarrangement, korvokal Jon Joyce – korvokal Peter Noone – korvokal Toni Tennille – korvokal Carmen Twillie – korvokal Venette Gloud – korvokal Stephanie Spruill – korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dear God (Elton John song)» frå , den 5. desember 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elton John-songar Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Songar med musikk av Elton John Kategori:Songar med tekst av Gary Osborne Kategori:The Rocket Record Company-singlar