Issaias Afewerki () er den første og noverande presidenten i Eritrea.

Afewerki var fødd i Asmara. Han blei med i frigjeringsrørsla Eritreisk frigjeringsfront (ELF) i 1966, og fekk militærtrening i Kina. Afewerki braut med ELF i 1971 og var med på å danna EPLF. Frå 1987 var Afewerki generalsekretær for denne rørsla. Han blei valdt til president då Eritrea fekk sjølvstende i 1993, men hadde før dette vore leiaren for Den eritreiske folkefrigjeringsfronten (EPLF) og styrte i røynda landet også før sjølvstendet.

Det planlagde presidentvalet i 1997 blei ikkje halde. Eritrea er ein eittpartistat under partiet People's Front for Democracy and Justice. Under Afewerki har også den frie pressa i landet blitt lagt ned.

Merknader

Kjelder

Country profile: Eritrea ved bbc.co.uk, vitja 4. mai 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Eritreiske presidentar