Michael William «Mick» Gallagher () er ein britisk hammondorgel-spelar og best kjend som medlem av Ian Dury and the Blockheads and og for bidraga sine til to album av the Clash. Han har òg skrive musikk for filmar som Extremes (1971) og After Midnight (1990), samt Broadway-stykket Serious Money (1988).

Biografi Mick Gallagher starta karrieren sin med The Unknowns. Han spelte med the Animals i 1965, og erstatta då Alan Price. Han gjekk så vidare og starta The Chosen Few, der han spelte i lag med Alan Hull, som seinare starta Lindisfarne. Andre musikarar han var knytt til var Skip Bifferty, Peter Frampton's Camel og Cochise.

Han vart så medlem av Ian Dury and The Blockheads. Han spelte på to av dei mest innverknadsrike albuma til The Clash, London Calling (1979) og Sandinista! (1980), og spelte konsertar med bandet. Han spelte òg på det siste albumet deira, Cut the Crap (1985), men står ikkje oppført i omslaget for dette.

Gallagher arbeidde med Clash-trommslagar Topper Headon igjen då dei spelte inn Headon sitt Waking Up (1986), i lag med Bobby Tench og Jimmy Helms. Han har òg spelt med Paul McCartney, Robbie Williams, Dave Stewart og Annie Lennox. I nyare år har han spelt med The Blockheads og John Steel sitt The Animals and Friends.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mick Gallagher» frå , den 14. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Newcastle upon Tyne Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:The Animals-medlemmar Kategori:The Clash