Animalization er det fjerde albumet til den britiske R&B-gruppa The Animals som dei gav ut i USA i 1966. Innhaldet er noko av det same ein finn på den britiske utgåva av Animalisms. Albumet nådde 20. plass på den amerikanske albumlista, og inneheldt tre singlar som nådde Topp 40 i USA.

Det var i denne perioden at trommeslagaren John Steel forlet gruppa og vart erstta av Barry Jenkins, som tidlegare hadde spelt i The Nashville Teens. Begge trommeslagarane er på omslaget.

Innhald

Medverkande Eric Burdon – vokal Dave Rowberry – klaverinstrument Hilton Valentine – gitar Chas Chandler – bass John Steel – trommer Barry Jenkins - trommer på «Don't Bring Me Down», «Cheating», «See See Rider» og «She'll Return It»

Kategori:Musikkalbum frå 1966 Kategori:The Animals-album Kategori:Album produserte av Tom Wilson Kategori:MGM Records-album