Det første slaget ved Höchstädt vart utkjempa 20. september 1703, nær Höchstädt i Bayern, og resulterte i ein siger til Frankrike og Bayern under marskalk Villars mot den austerrikske general Limburg Styrum.
Opptakt Den 5. september hadde hovudstyrken til keisaren under markgreve Ludvig Vilhelm av Baden-Baden teke fristaden Augsburg, og truga Bayern frå vest. Ludvig av Baden hadde etterlate ein styrke på 16 000 mann under Styrum nord for Donau, som flytta austover og nådde Höchstädt den 19. september. Villars og kurfyrste Maximilian II Emanuel av Bayern flytta armeen sin på 17 000 mann for å avskjere denne styrken, og gav ordre til ein annan fransk styrke på 7 000 mann under d'Usson nær Dillingen om å gå til åtak bakfrå.
Slaget Denne planen mislukkast nesten då d'Usson gjekk til åtak for raskt og armeen hans, som var i mindretal, vart pressa attende av Styrum. Men Villars og Maximilian Emanuel nådde akkurat fram i tide, og gjekk til åtak på keisararmen, før dei kunne gå attende i stillingane sine. Det var berre på grunn av heroisk motstand av baktroppen under Leopold I av Anhalt-Dessau at Styrum kunne redde armeen sin og nå Nordlingen.
Austerrikarane tapte 5 000 mann, hovudsakleg som krigsfangar, 37 kanonar og det meste av armetoget. Franskmennene og bayerane tapte 1 000 mann.
Eit år seinare vart det andre slaget ved Höchstädt utkjempa, kjend på engelsk houvdsakleg som slaget ved Blenheim.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Battle of Höchstädt» frå , den 18. desember 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Kart over slaget (tysk)
Slaget ved Hochstadt Kategori:Franske slag Kategori:Bayerske slag Kategori:Austerrikske slag Kategori:Slag i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:1703 i Tyskland Kategori:1703 i Austerrike Kategori:1703 i Frankrike