Slaget ved the Lizard (fransk Combat du Cap Lézard) fann stad den 21. oktober 1707 under den spanske arvefølgjekrigen nær Lizard Point i Cornwall med to franske skvadronar under René Duguay-Trouin og Claude de Forbin og ein engelsk konvoi, verna av ein skvadron under kommandant Richard Edwards.Allen p.103
Duguay-Trouin og Forbin var to av dei mest suksessrike franske marinekommandantane og dei hadde påført den allierte handelsflåten store tap.
Slaget Den 20. oktober 1707 la ein stor handelsflåte på 80 til 130 engelske skip ut frå Plymouth på veg mot Portugal med forsyningar til krigen i Spania. Det var fem engelske eskorteskip under kommandantan Edwards som følgde desse.
Dagen etter, nær Lizard Point, vart dei oppdaga av to franske skvadronar med seks skip i kvar. Teknisk sett var Forbin den øvste franske offiseren, men Duguay-Trouin var meir aggressiv, og skipa hans leia åtaket og påførte mest skade, etter at Forbin hadde oppdaga den britiske konvoien.
Dette slaget vart nesten ein totalt siger for franskmennene: «Cumberland», «Chester» og «Ruby» vart ekne, men «Royal Oak» kom seg inn til Kinsale med nokre handelsfartøy. «Devonshire» forsvarte seg sjølv i fleire timar mot sju franske skip, før ho tok fyr og eksploderte, berre to av 900 mann overlevde.
Involverte skip
Storbritannia (Richard Edwards) HMS «Cumberland» 80 - kapra av «Lys» og «Gloire» HMS «Devonshire» 80 - eksploderte HMS «Royal Oak» 76 - rømde HMS «Chester» 50 , kaptein John Balchen - kapra HMS «Ruby» 50 - kapra
80 til 130 handelsskip
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Battle at The Lizard» frå , den 19. desember 2011. oppgav desse kjeldene: Allen, Joseph. Battles of the British Navy: from A.D. 1000 to 1840. Bell & Daldy publishing (1872) ASI: B00087UD9S
Bakgrunnsstoff Jean et Michèle Polak: "Bibliographie maritime française"
Kategori:Konfliktar i 1707 Lizard Lizard Lizard Kategori:Historia til Cornwall