Raidet på Haverhill var eit raid som fann stad den 29. august 1708 under Dronning Anne-krigen. Franske, Algonquin- og Abenaki-krigarar kommandert av Jean-Baptiste Hertel de Rouville gjekk mot Haverhill, då eit lite grensesamfunn i provinsen Massachusetts Bay. Med eit overraskande åtak vart 16 menneske drepne og 14 til 24 tekne til fange. Engelskmennene samla raskt saman ein milits som følgde etter og i ei småtrefning seinare på dagen vart ni franskmenn og indianarar drepne og somme av fangane deira rømde.

Haverhill var ikkje opphavleg eit mål for ekspedisjonen til franskmennene. Dei venta ein større indiansk kontingent og franskmennene planla å utføre ei rekkje raid på samfunna langs Piscataqua River. Somme av indianarstammene ønskte ikkje å delta i ekspedisjonen og franskmennene måtte redusere omfanget av operasjonen og velje lettare mål. Raidet kosta franskmennene meir enn tidlegare grenseraid, som det i 1704 på Deerfield i Massachusetts sidan provinsen no var åtvara mot angriparane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Raid on Haverhill» frå , den 23. desember 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Konfliktar i 1708 Kategori:Historia til Massachusetts Haverhill Haverhill 1708 Haverhill 1708 Kategori:Ny-Frankrike