mini|Kyrkjeklokker i St Mary's Church i Beddington.

«Ding Dong Merrily on High» er ein engelsk julesong skriven av George Ratcliffe Woodward i 1924 til ein fransk dansemelodi frå 1500-talet. Songen er inspirert av klokkeklang og mellomaldermusikk. Teksten i versa er på engelsk, medan refrenget er på latin. Han er ein populær korsong.

Tekst «Ding Dong Merrily on High» blei først gjeven ut i The Cambridge Carol-Book: Being Fifty-two Songs for Christmas, Easter, And Other Seasons av presten George Ratcliffe Woodward, som også tidlegare hadde skrive fleire carolsamlingar. Presten var interessert både i klokkeringing og i eldre skaldekunst, som songane i Piæ Cantiones.«Ding Dong Merrily on High» ved hymnsandcarolsofchristmas.com

Teksten er gjort utprega gammalmodig gjennom val av arkaiske ord og verbformer (som «ye», «rime», «sungen» og «swungen») og bruken av makaronisk dikting typisk for mellomaldersongar.

Melodi Melodien Woodward brukte til «Ding Dong Merrily on High» heiter «Le branle de l'Official» og finst i Orchésographie, ei samling dansemelodiar av Jehan Tabourot (1519–1593). Komponisten Charles Wood, som Woodward hadde mykje samarbeid med, laga harmoniar til melodien i The Cambridge Carol Book. Han er også blitt arrangert av andre.

Eit særmerke for songen er den langdregne o-en i «Gloria» over fleire fallande og stigande notesekvensar.Ding Dong Merrily on High ved worldofchristmas.net

Innspelingar Songen er spelt inn ei rekkje gonger, mellom anna:

1962, 1969, 1984, 1994: Choir of King's College ved Universitetet i Cambridge 1970: Monty Python i sketchen «The Visitors» 1974: George Guest og koret ved St. John's College i Cambridge 1976: John Rutter og koret ved Clare College i Cambridge på Carols from Clare 1985: Jon Anderson på Three Ships 1985: The Canadian Brass på A Canadian Brass Christmas 1987: The Muppets på Muppet Family Christmas 1989: John Rutter og Cambridge Singers på Christmas with the Cambridge Singers 1990: Julie Andrews på The Sounds of Christmas: From Around the World 1991: The Chieftains på The Bells of Dublin 1999: Oslo Gospel Choir på Julenatt 2000: Charlotte Church på Dream a Dream 2006: Celtic Woman på Celtic Woman: A Christmas Celebration 2006: Maddy Prior på An Evening of Carols and Capers 2006: Blackmore's Night på Winter Carols 2008: Anúna på Christmas Memories

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ding Dong Merrily on High» frå , den 23. desember 2011.

Bakgrunnsstoff Notar ved Choral Public Domain Library The Cambridge Carol-Book: Being Fifty-Two Songs For Easter, Christmas, And Other Seasons (innskanna)

Kategori:Engelske julesongar