Pýlos (gresk Πύλος), historisk kjend under det italienske namnet Navarino, er ein by og tidlegare kommune på Peloponnes i Hellas. Sidan 2011 har han vore ei kommunaleining i kommunen Pýlos-Néstoras i periferieininga Messinía i periferien Peloponnes, der han er hovudsete.

Pýlos var før administrasjonsstad for den tidlegare provinsen Pylía. Nærliggande landsbyar er mellom andre Jálova, Eleófyto, Skhinólakka og Paleónero.

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Pýlos 4 559 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 2 222 innbyggjarar.

Pýlos er ein viktig arkeologisk stad på vestkysten av Peloponnes. Pýlos frå bronsealderen vart først graven ut av Carl Blegen i 1952. Denne staden ligg ved den moderne Áno Eglianós om lag 9 km nordaust for bukta. Blegen kalla restane etter eit stor mykensk palass der det såkalla «Nestorpalasset» etter den homerske herskaren Nestor, som styrte over «sandete Pýlos» i Iliaden. Pýlos vart fråflytta ei stund etter 700-talet fvt. og er stort sett ukjend i antikken.

Referansar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pylos» frå , den 26. desember 2011.

Bakgrunnsstoff

Pylos Pylos Pylos Pylos Pylos