Kvelertak er debutalbumet til det norske bandet Kvelertak som kom ut 21. juni 2010 på Indie Recordings. Albumet kom ut i Nord-Amerika 15. mars 2011 på The End Records med seks bonusspor som bestod av fire konsertopptak frå BBC og to demosongar.
Etter å ha spelt ein konsert i Oslo den 24. juni 2011 fekk Kvelertak gullplate av Indie Recordings presenterte av Dave Grohl frå Foo Fighters. Kvelertak selde til gullplate for meir enn 15 000 selde plater. Med albumet vann bandet Spellemannprisen 2010 i klassene rock og årets nykommar.
Albumet fekk særs god kritikk då det kom ut. Kerrang! kalla bandet «det beste norske bandet sidan a-ha». Allmusic skreiv om albumet: «Når du trur at alle sjangrar av rock and roll på alle mogelege måtar er blanda, kutta opp og sett saman att, så kjem det eit band som Kvelertak og viser at du har tatt feil. Den norske sekstetten blandar i røynda punkrock med black metal, med endefram power-akkord her og der og ein smittande enkelheit. Ærleg takt, vondskap har aldri høyrtes så gøy ut som dette.»
Plateomslaget er laga av John Dyer Baizley frå bandet Baroness.
Innhjald
Medverkande Kvelertak Erlend Hjelvik – vokal Vidar Landa – gitar, piano Bjarte Lund Rolland – gitar Maciek Ofstad – gitar, vokal Marvin Nygaard – bass Kjetil Gjermundrød – trommer
Gjestemusikarar Ryan McKenney – vokal Ivar Nikolaisen – vokal Andreas Tylden – vokal Høst – vokal
Produksjon og innspeling Kurt Ballou – miksing og produksjon Alan Douches – mastering
Plateomslag John Dyer Baizley – plateomslag Marcelo HVC – layout
Kjelder
Kategori:Album produserte av Kurt Ballou Kategori:Debutalbum frå 2010 Kategori:Kvelertak-album Kategori:Norske rockealbum Kategori:Norske debutalbum