Charles Hardin Holley (), kjend som Buddy Holly, var ein USA-amerikansk musikar og songar-låtskrivar som var ein sentral person i rock and roll-bølgja i midten av 1950-åra. Han var fødd i Lubbock i Texas i ein musikalsk familie under den store depresjonen og lærte seg å spele gitar og syngje i lag med syskena. Stilen hans var inspirert av gospel, country og rhythm and blues, og han spelte i Lubbock med vener frå skulen. Han spelte første gongen på lokalt fjernsyn i 1952, og året etter danna han gruppa «Buddy and Bob» med venen Bob Montgomery. I 1955, etter å ha varma opp for Elvis Presley, valde han å satse på ein musikarkarriere. Han varma opp for Presley tre gonger det året. Bandet hans endra stil frå country til rock and roll. I oktober det året varma han opp for Bill Haley & His Comets og vart oppdaga av talentspeidaren Eddie Crandall frå Nashville, som hjelpte han til kontrakt med Decca Records.
Innspelingane til Holly for Decca vart produserte av Owen Bradley. Holly var misnøgd med kontrollen Bradley hadde i studio og med lyden som vart skapt der, så han gjekk til produsenten Norman Petty i Clovis i New Mexico, og spelte inn ein demo av mellom anna «That'll Be the Day». Petty vart manager for bandet og sende demoen til Brunswick Records, som gav han ut som ein singel under namnet «The Crickets», som vart namnet til bandet til Holly. I september 1957, då bandet var på turné, toppa «That'll Be the Day» den amerikanske «Best Sellers in Stores»-lista og UK Singles Chart. Suksessen vart følgd opp av ein annan stor hit i oktober med «Peggy Sue».
Albumet Chirping Crickets kom ut i november 1957 og nådde femteplassen på UK Albums Chart. Holly spelte andre gongen på The Ed Sullivan Show i januar 1958 og kort tid etter turnerte han i Australia og Storbritannia. Tidleg i 1959 sette han saman eit nytt band, som bestod av den framtidige countrystjerna Waylon Jennings (bass), den kjende studiomusikaren Tommy Allsup (gitar) og Carl Bunch (trommer), og la ut på ein turné i den amerikanske Midtvesten. Etter ein konsert i Clear Lake i Iowa, hyrte han eit fly for å kome seg til den neste konserten i Moorhead i Minnesota. Kort tid etter flyet letta, styrta det og tok livet av Holly, Ritchie Valens, The Big Bopper og piloten Roger Peterson i ein tragedie som seinare vart kalla «The Day the Music Died» av Don McLean.
I løpet av den korte karrieren sin skreiv, spelte inn og produserte Holly sine eigne songar. Han vert ofte rekna som artisten som definerte den tradisjonelle rock and roll-besetninga med to gitarar, bass og trommer. Han var ei stor inspirasjonskjelde for seinare popartistar, som Bob Dylan, The Beatles, The Rolling Stones, Eric Clapton og Elton John. Han var blant dei første artistane som vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, i 1986. Magasinet Rolling Stone rangerte han på 13. plassen på lista si over dei hundre største artistane gjennom tidene.
Liv og karriere
Tidleg liv og karriere (1936–1955) Buddy Holly vart fødd Charles Hardin Holley den 7. september 1936, i Lubbock i Texas. Han var det fjerde barnet til Lawrence Odell «L.O.» Holley (1901–1985) og Ella Pauline Drake (1902–1990). Dei eldre syskena hans var Larry (fødd i 1925), Travis (1927–2016), og Patricia Lou (1929–2008). Frå tidleg av vart han kalla «Buddy». Under den store depresjonen flytta familien Holley ofte rundt i Lubbock då L.O. byta jobb fleire gonger. Buddy Holly vart døypt som baptist, og familien var medlemmar av Tabernakel baptistkyrkje.
Familien Holley hadde musikkinteresse og alle i familien, utanom L.O., kunne spele eit instrument eller syngje. Dei eldre Holley-brørne spelte i lokale talentshow, og ved eitt høve var Buddy med dei på fiolin. Sidan han ikkje kunne spele fiolin, smurde broren Larry strengane med feitt for at dei ikkje skulle lage lyd. Brørne vann konkurransen. Under andre verdskrigen vart Larry og Travis kalla inn i militærteneste. Då dei kom attende, hadde Larry med seg ein gitar han hadde kjøpt av ein skipskamerat medan han segla i Stillehavet. 11 år gammal byrja Buddy å ta pianotimar, men gav opp etter ni månader. Han byta til gitar då han såg ein klassekamerat syngje og spele på skulebussen. Foreldra til Buddy kjøpte han først ein steelgitar, men han insisterte på ein gitar slik broren hadde. Foreldra hans kjøpte gitaren frå ein pantelånar, og Travis lærte han å spele.
I barndomen var Holley inspirert av musikken til Hank Williams, Jimmie Rodgers, Hank Snow, Bob Wills og The Carter Family. Ved Roscoe Wilson Elementary vart han vener med Bob Montgomery, og dei to spelte i lag og øvde på songar av Louvin Brothers og Johnnie & Jack. Dei lytta begge til radioprogramma Grand Ole Opry, Louisiana Hayride og Big D Jamboree. Samstundes spelte Holley med andre musikarar han møtte på skulen, som Sonny Curtis og Jerry Allison. I 1952 deltok Holley og Jack Neal som ein duo kalla Buddy and Jack i ein talentkonkurranse i eit lokalt fjernsynsshow. Etter Neal drog, vart han erstatta av Montgomery og dei kalla seg Buddy and Bob. Dei to byrja etter kort tid å spele på radioshowet Sunday Party på KDAV i 1953 og heldt konsertar i Lubbock. På denne tida var Holley inspirert av nattradiostasjonar som spelte blues og rhythm and blues (R&B). Holley sat i bilen sin med Curtis og søkte etter fjerntliggande radiostasjonar dei berre kunne få inn om natta, når den lokale sendinga var over. Holley oppdaterte så musikken sin med å blande den tidlegare country-musikken sin med påverknad frå R&B.
I 1955, etter han var ferdig med den vidaregåande skulen, valde Holley å satse på musikken for fulltid. Han vart særleg inspirert etter å ha sett Elvis Presley på scenen i Lubbock. I februar varma Holley opp for Presley i Fair Park Coliseum, i april i Cotton Club, og igjen i juni i Coliseum. På den tida hadde han teke med seg Larry Welborn på ståbass og Allison på trommer i bandet sitt, og endra stilen frå country til rock and roll etter å ha sett konsertane til Presley og høyrt musikken hans. I oktober vart Haley oppvarmingsartist for Bill Haley & His Comets med talentspeidaren Eddie Crandall frå Nashville i salen. Crandall vart imponert og overtydde manageren for Grand Ole Opry, Jim Denny, om å få platekontrakt for Holley. Denny sendte eit demolydband til Paul Cohen, som fekk bandet signert til Decca Records i februar 1956. I kontrakten feilstava Decca namnet til Holley som «Holly», og frå den tid vart han kjend som «Buddy Holly».
Den 26. januar 1956 møtte Holly opp på den første formelle innspelinga si, som vart produsert av Owen Bradley. Han var på to innspelinga til i Nashville, men sidan produsenten valde ut studiomusikarar og arrangement, vart Holly stadig meir frustrert over mangelen på kunstnarisk kontroll. I april 1956 gav Decca ut «Blue Days, Black Nights» som singel, med «Love Me» som B-side. Denny tok med seg Holly på turné som oppvarming for Faron Young. På turneen vart dei omtalt som Buddy Holly and the Two Tones, men seinare kalla Decca dei Buddy Holly and the Three Tunes. Selskapet gav seinare ut den andre singelen til Holly, «Modern Don Juan» med B-sida «You Are My One Desire». Ingen av singlane gjorde det særleg bra. Den 22. januar 1957 informerte Decca Holly om at kontrakten hans ikkje kom til å bli fornya, men insisterte på at han ikkje kunne spele inn dei same songane for nokre andre dei neste fem åra.
The Crickets (1956–1957) Buddy Holly and the Crickets i 1957 (øvst til nedst: Allison, Holly og Mauldin)|mini
Holly var ikkje nøgd med resultata frå tida si hos Decca. Han var inspirert av suksessen til Buddy Knox sin «Party Doll» og Jimmy Bowen sin «I'm Stickin' with You», og vitja Norman Petty, som hadde produsert og marknadsført begge singlane. I lag med Allison, bassisten Joe B. Mauldin og rytmegitaristen Niki Sullivan, drog han til studioet til Petty' i Clovis i New Mexico. Gruppa spelte inn ein demo av «That'll Be the Day», ein song dei tidlegare hadde spelt inn i Nashville. Holly spelte no sologitar og fekk fram lyden han hadde sett for seg. Petty vart manageren hans og sende plata til Brunswick Records i New York City. Holly, som framleis var under kontrakt med Decca, kunne ikkje gje ut plata under sitt eige namn, så eit bandnamn vart nytta i staden. Allison føreslo Crickets. Brunswick gav Holly ein enkel avtale om å gje ut «That'll Be the Day», og gav han både kunstnarisk kontroll og økonomisk ansvar for framtidige innspelingar. Selskapet var imponert av demoen og platesjefane gav ut innspelinga utan å spele inn ein ny versjon. «I'm Looking for Someone to Love» var B-sida. Singelen var tilskriven Crickets. Petty og Holly fekk seinare vite at Brunswick var eit dotterselskapet av Decca, som gjorde at han fekk løyve til å gje ut framtidige innspelingar under namnet Buddy Holly. Innspelinga tilskriven til Crickets vart gjevne ut på Brunswick, medan innspelingane under namnet til Holly vart gjeven ut på ein annan etikett, Coral Records. Holly hadde derfor platekontrakt med begge selskapa.
«That'll Be the Day» kom ut 27. mai 1957. Petty hyra Holly og The Crickets for ein turné med Irvin Feld, som hadde lagt merke til bandet etter «That'll Be the Day» dukka opp på R&B-salslista. Han hyrte dei for konsertar i Washington, D.C., Baltimore og New York City. Bandet spelte på Apollo Theater i New York frå 16. til 22. august. Gruppa imponerte ikkje publikum under den første konserten, men dei vart akseptert etter at dei byrja å spele «Bo Diddley» på showa sine. Mot slutten av perioden på Apollo klatra «That'll Be the Day» på listene. Petty vart oppmuntra av suksessen og førebudde to album for utgjeving, eit soloalbum for Holly og eit anna for The Crickets. Holly spelte på American Bandstand, med programleiaren av Dick Clark på ABC, den 26. august. Before leaving New York, the band befriended the Everly Brothers.
«That'll Be the Day» toppa den amerikanske «Best Sellers in Stores»-lista («bestseljarar i butikkar») den 23. september og var nummer ein på UK Singles Chart i tre veker i november. Den 20. september gav Coral ut «Peggy Sue» med B-sida «Everyday» med Holly som artist. Innan oktober nådde «Peggy Sue» tredjeplassen på poplista til Billboard og andreplassen på R&B-lista. I Storbritannia nådde songen sjetteplassen. Etter kvart som songen vart meir populær fekk Holly meir merksemd og bandet vart på den tida kalla Buddy Holly and The Crickets.
Den siste veka av september flydde bandmedlemmane til Lubbock for å vitje familiane sine. Skulekjærasten til Holly, Echo McGuire, hadde forlate han for ein annan elev. Utanom McGuire, hadde Holly eit forhold med June Clark frå Lubbock. Etter Clark enda forholdet deira, forstod Holly kor viktig forholdet hans med McGuire var og rekna forholdet til Clark som ein kort affære. Samstundes sette Petty i staden den neste innspelinga deira i Oklahoma City, der han spelte med sitt eige band. Medan bandet køyrte til staden, sette produsenten opp eit mellombels studio. Resten av songane dei trong for albumet og singlar vart spelte inn. Petty dubba seinare materialet i Clovis. Resultatet vart albumet The "Chirping" Crickets som kom ut 27. november 1957. Det nådde femteplassen på den britiske albumlista. I oktober gav Brunswick ut den andre singelen til The Crickets, «Oh, Boy!» med «Not Fade Away» som B-side. Singelen nådde tiandeplassen på poplista og 13. plassen på R&B-lista. Holly og The Crickets framførte «That'll Be the Day» og «Peggy Sue» på The Ed Sullivan Show den 1. desember 1957. Etter framsyninga forlet Niki Sullivan gruppa på grunn av den omfattande turneringa. Den 29. desember framførte Holly og The Crickets «Peggy Sue» på The Arthur Murray Party.
Internasjonale turnear (1958)