Ballongstyrten i Clareville var ei ulukke som fann stad 7. januar 2012, då ein varmluftsballong styrta i Clareville i Carterton på New Zealand. Alle dei elleve ombod, ti passasjerar og ein pilot, mista livet.
Varmluftsballongen Varmluftsballongen var ein Cameron A-210-modell, registrert ZK-XXF og kalla «Mr Big». Han hadde tilhøyd Early Morning Balloons Ltd sidan 26. januar 2000 og kunne frakte ti passasjerar og ein pilot. Ballongen tok av frå Carterton klokka 06:40 og turen skulle vare i 45 minutt.TAIC Final Report, avsn. 3.1.6 Piloten var ein av dei mest erfarne på New Zealand. Dei ti passasjerane kom frå New Zealand: to ektepar frå Masterton og Wellington, eit par frå Lower Hutt, eit kjærastepar frå Wellington og to syskenbarn frå Masterton og Paraparaumu. Vêret var klart og det var lite vind då ulukka skjedde.TAIC Interim Report s. 9
Ulukka Ulukka skjedde rundt klokka 07:25, då varmluftsballongen skulle lande i eit felt ved sida av Somerset Road. Ifylgje augevitne kom ballongen i kontakt med ein kraftledning ved vegen,TAIC Final Report, avsn. 3.2.2. og det gjorde at korga tok fyr.TAIC Final Report, avsn. 3.2.12. To av passasjerane hoppa ut frå ukjend høgd. Ballongen vart slukt av flammane og styrta i bakka ved sida av vegen.TAIC Interim Report, s. 9 Då ballongen kom borti kraftledningen vart straumen til 3800 eigedomar i område kutta. Nokre av dei pårørande var i området då ulukke skjedde. Alle dei elleve ombord var døde då ambulansepersonell kom fram til staden. Lika av dei to som hoppa frå korga vart funne 200 meter frå krasjstaden.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «2012 Carterton hot air balloon crash» frå , den 10. januar 2012. Referansar innhenta 17. juni 2019.
Kategori:Luftfartsulukker i 2012 Kategori:2012 på New Zealand Kategori:Luftfartsulukker på New Zealand