Bøylepingvin, tidlegare eselpingvin, er ein pingvin kjenneteikna av ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit sterkt oransjefarga nebb. Bøylepingvinen er den raskaste undervassymjaren blant pingvinane, og kan kan dukke ned mot 130 meter. Han er den tredje største pingvinarten, etter keisar- og kongepingvin. Saman med adeliepingvin og ringpingvin utgjer bøylepingvinen slekta Pygoscelis.

Skildring mini|venstre|Symjande bøylepingvinar i det dei hoppar opp frå havet Hannar kan ha ei toppvekt på rundt 8,5 kg like før myting og heilt ned til 4,9 kg like før paringstida. Hoene kan ha ei toppvekt på 8,2 og nå heilt ned til 4,5 medan dei passar reira. Nordlege populasjonar er gjerne høgare og tyngre enn dei som lever lengre sør.

Bøylepingvinar har nokså lang stjert, den tydelegaste blant pingvinar. Dei er elles svart- og kvitfarga som andre pingvinar. Baksida og hovudet er svarte, men dei har kvite merke over kvart auge som hjå mange kan rekka over heile hovudet. Symjeføtene er lyserosa medan nebbet er oransje.

Utbreiing venstre|mini|Pingvinfamilie med to ungar på Antarktishalvøya Bøylepingvinen er skildra som ein art med sirkumpolar hekkeutbreiing. Hekkeutbreiinga er konsentrert langs vestlege Antarktishalvøya, og øyar nordover til Falklandsøyane som har den største hekkekolonien på over 130 000 hekkande par (2020). Saman med øyane i sørlegaste Atlanterhavet slik som Sør-Georgia, har dette området 85 % av alle hekkefuglar. Dei andre hekkepopulasjonane finst i sørlege Indiahavet, ein annan populasjon på 3800 par hekkar på Macquarieøya i sørvestlege Stillehavet (2020). Eit estimat frå 2020 rekna med at det fanst totalt rundt 432 000 hekkande par og trenden var aukande. IUCN gjev eit estimat på 774 000 modne individ per 2019 med stabil trend.

Levesett Bøylepingvinane hekkar i koloniar. Dei lagar rundlege reir av småstein og gras. Reira kan vera opptil 20 cm høge og ha ein diameter på 25 cm. Steinane er høgt verdsette eigedelar som kan føra til høglytte kranglar eller gjentenester, om ei ho får ein særleg god stien av ein hann.

I reira legg pingvinane to egg. Begge foreldra rugar egga i 34-36 dagar, til dei klekker. Ungane blir verande i reira i rundt 30 dagar, og blir deretter passa på i grupper. Når dei er rundt 80-100 dagar gamle, er dei klare til å symja i sjøen. mini|Bøylepingvinegg Bøylepingvin er den raskaste undervassymjaren av alle pingvinar, og kan nå ein fart på 36 km/t. Vanlegvis dukkar dei til djupner på under 54 meter, men kan gå ned til 134 meter når dei jagar fisk. Pingvinane lever på småfisk og kril.

Rovdyr som sjøløve, leopardsel og spekkhoggar kan ta bøylepingvinar i sjøen. Vaksne pingvinar har ingen trugsmål på land, men egg og ungar kan bli stolne av større fuglar som joar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gentoo Penguin» frå , og «Åsnepingvin» frå den 11. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pingvinar Kategori:Dyr i Antarktis