Albert Camus () var ein fransk forfattar og filosof som blir rekna som ein av dei mest kjende og viktige franske forfattarane på 1900-talet. I 1957 fekk han Nobelprisen i litteratur «for sin viktige litterære produksjon, der han med eit klårøygd alvor set lys på problem i samband med det menneskelege samvitet i vår tid.»«for his important literary production, which with clear-sighted earnestness illuminates the problems of the human conscience in our times»Camus på nobelprize.org

Biografi Camus sin far døydde tidleg og sonen fekk ein nær relasjon til mora. Trass ein fattig oppvekst fekk Camus studere; filosofistudiane var omfattande. Åra 1937–1939 var Camus medlem av kommunistpartiet og i 1938 byrja han å arbeide som journalist. Under andre verdskrigen arbeidde Camus i Paris med undergrunnsavisa Combat som han var redaktør av i åra 1945–1947.

Albert Camus første stor bidrag til verdslitteraturen var den konsentrerte forteljinga Den fremmede (1942). Romanen er kanskje hans mest vellukka eksistensielle verk. Sartre bidrog i stor grad til Camus sitt genombrot som forfattar ved å peike ut at romanen som eint døme eit verk innan eksistensialismen.Albert Camus i Nationalencyklopedins ordbok, 23. mai 2007 Camus syner det absurde, tilfeldige og meiningslause i menneska sine tilvære; han har i det heile eit nihilistisk drag som minner om filosofien til Nietzsche.

Albert Camus omkom i ei bilulukke då eit dekk på bilen han sat i eksploderte og bilen fekk sleng.

Verk mini|Minnesmerke over Camus i Villeblevin, der han døydde Romanar L'Étranger, 1942; Den fremmede La Peste, 1947; Pesten, 2020En kunstnerisk triumf. NRK. Vitja 3. april 2020 La Chute, 1956; Fallet La Mort Heureuse (skriven 1936–1938; publisert 1971) Den lykkelige død Le Premier homme (uferdig, publisert postumt i 1994) Det første mennesket

Novellsamlingar L'exil et le royaume (samling) (1957) La Femme adultère Le Renégat ou un esprit confuse Les Muets L'Hôte Jonas ou l'artiste au travail La Pierre qui pousse

Sakbøker L'envers et l'endroit Noces (1938) Le Mythe de Sisyphe (1942) L'Homme révolté (1951) Carnets, mai 1935 — fevrier 1942 (1962) Carnets, 1943 — 1951 (1965) Carnets Tome III: Mars 1951 – December 1959 (1989) Albert Camus, Maria Casarès. Correspondance inédite (1944-1959). Édition de Béatrice Vaillant. Avant-propos de Catherine Camus. Collection Blanche, Gallimard. Parution : 09-11-2017.

Essays Essay on Realism and Artistic Creation (1957) Parnassos lecture in Greece (1956) Lecture at Columbia University (1946) Essay for the theatrical play L'État de Siege (1948) Réflexions sur la guillotine (1957) Combat (1946)

Drama Caligula (urpremiære 1945, skriven 1938) Requiem pour une nonne (1956) Le Malentendu (1944) L'État de Siege (1948) Les Justes (1949) Les Possédés (1959)

Samlingar Resistance, Rebellion, and Death (1961) Lyrical and Critical Essays (1970) Youthful Writings (1976) Between Hell and Reason: Essays from the Resistance Newspaper "Combat", 1944–1947 (1991) Camus at "Combat": Writing 1944–1947 (2005)

Merknadar

Referansar

Bakgrunnsstoff

Camus på nobelprize.org Fonds Albert Camus - Cité du livre d'Aix en Provence Société des Études Camusiennes The Albert Camus Society

Kategori:Franske forfattarar Kategori:Franske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå El Tarf Kategori:Døde i trafikkulukker‎