Mikhail Leonidovitsj Gromov (russisk Михаил Леонидович Громов), òg kjent som Mikhael Gromov, Michael Gromov eller Misha Gromov, () er ein fransk-russisk matematikar kjent for viktige bidrag innan ei rekkje område innan matematikken. Han er ein geometer, det vil seie at spesialiteten hans ligg innan geometri.

I geometrisk gruppeteori har han undersøkt grupper av polynomial vekstordning og innførte omgrepet hyperbolske grupper. I den symplektiske topologien innførte han dei pseudoholomorfe kurvane. Hans -prinsipp ( for homotopi) for differensialrelasjonet er viktig i teori for partielle differensiallikningar (og vidareførte her eldre ansatsar, blant andre utvikla av John Nash).

Gromov studerte til doktorgraden (1973) i Leningrad under V. A. Rokhlin. Han er no permanent medlem av IHÉS, og Jay Gould-professor i matematikk ved New York University.

Han har motteke ei lang rekkje utmerkingar for virket sitt: 1971 Moskvas matematiske selskaps pris, 1981 Oswald-Veblen-prisen, 1984 Elie-Cartan-prisen, 1993 Wolfprisen, 1997 Leroy P. Steele-prisen, 1997 Lobatsjevski-medaljen, 1999 Balzanprisen, 2002 Kyotoprisen, 2004 Nemmersprisen, og 2005 Bolyaimedaljen. Den siste prisen han mottok, var Abelprisen (2009).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mikhail Gromov» frå , den 15. januar 2012.

Kategori:Russiske matematikarar Kategori:Franske matematikarar Kategori:Geometerar Kategori:Abelprisen Kategori:Wolfprisen i matematikk Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 2000-talet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Medlemmar av Det franske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Folk frå Leningrad oblast