Våpenkvila i Ratisbon eller våpenkvila i Regensburg enda gjenforeiningskrigen mellom Spania og Frankrike. Avtalen vart signert den 15. august 1684 i det dominikanske klosteret i Ratisbon i Bayern mellom Ludvig XIV av Frankrike på den eine sida og den tysk-romerske keisaren Leopold I, og den spanske kong Karl II, på den andre. Den endelege avtalen gjorde at kong Ludvig fekk Strasbourg, Luxembourg by og andre krav, medan Courtrai og Diksmuide, begge i dag i Belgia, vart gjevne attende til Spania. Avtalen skulle garantere ein våpenkvile dei neste tjue åra.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Truce of Ratisbon» frå , den 17. januar 2012. oppgav desse kjeldene: Lynn, John A. The Wars of Louis XIV: 1667–1714. Longman, (1999). ISBN 0-582-05629-2 Wolf, John B. The Emergence of the Great Powers: 1685–1715. Harper & Row, (1962). ISBN 0061397509
Kategori:Franske fredsavtalar Kategori:Spanske fredsavtalar Kategori:Avtalar i 1684