Violet Jacob () var ein skotsk forfattar som er særleg kjend for den historiske romanen Flemington og for dikta sine.

Ho vart fødd som Violet Kennedy-Erskine i ein aristokratisk familie i 1863 ved Montrose i Angus, der mykje av handlinga i bøkene hennar òg finn stad. Ho gifte seg i 1894 med Arthur Otway Jacob, ein irsk offiser i Den britiske hæren, og vart med han til India der han var i teneste.

Arthur døydde i 1936 og ho vendte attende til Skottland og busette seg i Kirriemuir i Angus.

Verk

Romanar 1902 – The Sheepstealers 1904 – The Interloper 1904 – The Golden Heart 1911 – Flemington

Dikt 1905 – Verses 1915 – Songs of Angus 1918 – More songs of Angus and others 1921 – Bonnie Joan and other poems 1927 – The Northern Lights and other poems 1944 – The Scottish poems of Violet Jacob

Novellesamlingar 1910 – The Fortune Hunters and Other Stories 1922 – Tales of my own country 1982 – The Lum hat and other stories: last tales of Violet Jacob

Andre og foreløpig uklassifiserte verk 1908 – Irresolute Catherine 1908 – The History of Aythan Waring 1927 – The good child’s year book 1931 – Lairds of Dun 1990 – Diaries and letters from India 1895–1900

Kjelder «Violet Jacob» frå Engelsk Wikipedia

Jacob, Violet Jacob, Violet