Ferdinando Carlo Gonzaga () var det einaste barnet til hertug Karl II av Mantova og Montferrat, og den siste herskaren av hertugdømet Mantova frå huset Gonzaga.

Ferdinand Karl var først gift med Anna Isabella Gonzaga, dotter av Ferrante III Gonzaga, hertug av Guastalla og sidan med Suzanne Henriette de Lorraine.

Han mislikte at austerrikarane hadde erobra Guastalla og inngjekk ein avtale med Ludvig XIV av Frankrike i 1678, der han selde Casale. I denne samanhengen kan ministeren hans, grev Ercole Antonio Mattioli, ha vorte mannen i jernmaska, som vart fengsla i Pinerolo i april 1679 for å ha avslørt denne avtalen for fiendane til Frankrike. Hertugen nekta for alt, men inngjekk ein ny avtale med franskmennene i 1681 og fekk slik ein årleg pensjon på 60 000 lire, ein karriere som general, og ein del av i framtidige franske erobringar i Italia. Franskmennene okkuperte Casale den 29. september 1681, og hertugen av Mantova mista respekt i Italia.

Ferdinando Carlo valde igjen den franske sida i den spanske arvefølgjekrigen. I 1701, då den antifranske koalisjonen erobra Mantova, flykta han til Casale. Han måtte betale dyrt for valet sitt då franskmennene vart jaga attende over Alpane i 1706. Han vart alt erklært ein forrædar i 1701 av Josef I av Det tysk-romerske riket og alle eigedomane hans vart konfiskert i 1708.

Huset Savoie fekk den gjenverande halvdelen av Montferrat, etter å ha erobra den førte halvdelen under den mantovanske arvefølgjekrigen i 1631. Hertugdømet Mantova vart austerriksk og ikkje lenger sjølvstendig. Ferdinando Carlo døydde same året i Padova.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ferdinando Carlo Gonzaga, Duke of Mantua and Montferrat» frå , den 19. januar 2012.

Bibliografi Alessandro Cont, Sotto tutela: il sovrano bambino in Italia (1659–1714), “Rivista storica italiana”, 124, 2 (agosto 2012), pp. 537–581, https://www.academia.edu/6412348/Sotto_tutela_il_sovrano_bambino_in_Italia_1659-1714_

Kategori:Hertugar av Mantova Kategori:Markiar av Montferrat Kategori:Huset Gonzaga Kategori:Folk frå Mantova Kategori:Italiensk adel