Jacob August Riis () var ein dansk-amerikansk journalist, sosial reformator, føredragshaldar, fotograf, forfattar og filantrop.

Etter å ha utdanna seg til tømrar emigrerte han til USA i 1870. Her arbeidde han mellom anna som tømrar og gruvearbeidar før han blei journalist og arbeidde som krimreportar i over 30 år. I tida som arbeidslaus opplevde han med sjølvsyn tilhøva for dei fattige, eller «den andre helvta», "The Other Half", som han sjølv sa det. Han byrja å ta bilete av slumstroka i storbyen New York. Bileta blei brukt i den fotojournalistiske boka How the Other Half Lives, og medverka til å setje ein ny sosial dagsorden i USA. Han gjorde også ein monaleg filantropisk innsats, delvis saman med venen og seinare president Theodore Roosevelt. 250px|thumb|right|Bandit's Roost av Jacob Riis, 1888, frå How the Other Half Lives. Dette fotoet viser Bandit's Roost på 59½ Mulberry Street, på den tida den mest kriminalitetsråka og farlege staden i New York City Saman med amerikanaren Lewis Hine (1874 - 1940) blir Riis rekna som den fyrste eigentlege dokumentarfotografen. Etter at han døydde fekk ein samskipnad med det føremål å hjelpe danskar i Amerika namn etter han.

10. august 1900 blei han Ridder av Dannebrog.Johannes Madsen, De Kgl. Danske Ridderordener: Personalhistorisk Festskrift udgivet i anledning af Hans Majestæt Kong Christian Den Niendes 40 aarige Regeringsjubilæum paa foranstaltning af H. F. Grandjean Oberstlieutenant, A. Christiansen 1903, s. 573.

Bibliografi How The Other Half Lives (1891) The Children of the Poor (1892; ny utgåve, 1902) Out of Mulberry Street (1896), A Ten Years' War (1900) The Making of an American (1901; ny utgåve, 1913) The Battle with the Slum (1902) Children of the Tenements (1902) The Peril and the Preservation of the Home (1903) Theodore Roosevelt, the Citizen (1904) The Old Town (his birthplace) (1909) Hero Tales of the Far North (1910) Neighbors: Life Stories of the Other Half (1914)

Fotnotar

Kjelder Denne artikkelen baserer seg delvis på det danske Salmonsens konversationsleksikon 2. utgåve (1915–1930).

Denne artikkelen bygger på «Jacob A. Roos» frå , den 20. januar 2012. oppgav desse kjeldene: Tom Buk-Swienty, Den ideelle amerikaner : en biografi om journalisten, reformisten og fotografen Jacob A. Riis, Gyldendal, 2009. ISBN 978-87-02-06037-9.

Bakgrunnsstoff Jacob A. Riis' fotografi Jacob A. Riis - en social fotograf Linkboks på Modkraft.dk med lenkjer til Riis-bøker på verdsveven. Den fordanskede amerikaner Kronikk af Benny Lihme i dagbladet Politiken, 1. januar 2009.

Kategori:Dansk-amerikanarar Kategori:USA-amerikanske journalistar Kategori:USA-amerikanske fotografar Kategori:USA-amerikanske velgjerarar Kategori:Folk frå Ribe Kategori:Danske velgjerarar Kategori:USA-amerikanske forfattarar