Nepali er eit indoarisk språk som særleg blir tala i Nepal. Det er offisielt nasjonalspråk i Nepal og eitt av dei 22 offisielle språka i India, der det også er offisielt språk i delstaten Sikkim. Nepali blir også brukt i andre delar av India, i Bhutan og i delar av Burma (Myanmar).
Historisk blei språket kalla khas (eller khas kura, kaskura), etter khas-folka vest i Nepal. Det er også kjend som gorkhali eller gurkhali, 'språket frå Gorkha', parbatiya ('språket frå fjella', identifisert med parbatiya-folka i Nepal), og lhotshammikha i Bhutan. Namnet «nepali» kom først i bruk då staten Nepal skifta namn frå Gorkha i 1930. Namnet «Nepal» er igjen avleidd av språknamnet newar.
Ein skriv nepali med skriftsystemet devanagari, som det har felles med mellom anna sanskrit og hindi.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nepali» frå , den 23. januar 2012.
Bakgrunnsstoff Nepali - UCLA Language Materials Project, University of California Los Angeles (UCLA). Ethnologue: Nepali The State of the World's Refugees 2006 Bhutanese refugees in Nepal (UNCHR-rapport på engelsk.)
Kategori:Indoariske språk Kategori:Språk i Bhutan Kategori:Språk i India Kategori:Språk i Nepal Kategori:Nepalsk historie