mini|Avtalesteinen som freden i Limerick vart signert på. Freden i Limerick enda den vilhelminske krigen i Irland mellom jakobittane og støttespelarane til Vilhelm av Oranien. Han avslutta omleiringa av Limerick. Avtalen bestod i røynda av to avtalar og vart signert den 3. oktober 1691. Visstnok vart dei signert på Avtalesteinen (Treaty Stone), ein stein som ein gong vart nytta til å stige på hestar. Denne steinen står no på ein sokkel i Limerick. På grunn av avtalen vert Limerick stundom kalla Treaty City. University College Cork - The Treaty of Limerick, 1691

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Treaty of Limerick» frå , den 23. januar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Limerick Kategori:Avtalar i 1691 Kategori:Irske fredsavtalar