Peder Anker Krohn () var ein norsk jurist og embetsmann.Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri. Han var sorenskrivar og prokurator i Valdres, byfogd og postmeister i Kragerø i 1836-1846 og byfogd i Larvik frå 1846. Han gjekk i teneste hos sorenskrivar Thaulow.
Krohn var son av offiseren Johan Jørgen Krohn og Bodil Marie Magelsen. Peder Anker Krohn var halvbror av Jens Christian Meinich. Faren var i mange år i teneste som vegmeister og fullmektig for Peder Anker.Frydenlund, Bård (2009): Stormannen Peder Anker. En biografi. Oslo: Aschehoug. Gift første gong med Bolette Andrea Müller (død 1838), andre gong med Anna Holter Dorph.
Krohn var stortingsrepresentant for Christians amt 1830-1832 og 1. suppleant for Kragerø og møtte i 1842-1844.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Postfolk Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar for Kragerø Kategori:Folk frå Søndre Land Kategori:Folk frå Ringerike