Reidar Bekkemellem () er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Heidal i Oppland. Han var med på Heidal Idrettslag sitt tremannslag som fire gongar vann NM-stafetten over 3 x 10 km, høvesvis 1967, 1968, 1969 og 1971. Dei andre to på laget var Arvid Ryen og Erling Steineide. Individuelt vann Bekkemellem tre bronsemedaljar under NM-tevlingar. Den fyrste kom på tremila i 1966, då brørne Gjermund og Jo Eggen kom føre han på resultatlista, dei to siste kom i 1969.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1966: Nr 13 på 15 km under verdsmeisterskapen i Oslo, og nr 6 på 30 km under Svenska skidspelen i Umeå 1970: Nr 15 på 15 km i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1966: Bronsemedalje på 30 km på Hernes Ski-NM 1967: Nr 6 på 30 km i Skorovatn. Gull i 3 x 10 km stafett Ski-NM 1968: Nr 7 på 15 km i Bærum. Gull i 3 x 10 km stafett Ski-NM 1969: Bronsemedalje på både 15 km i Alvdal og 30 km på Gjøvik. Gull i 3 x 10 km stafett Ski-NM 1970: Nr 9 på alle tre distansane, 15 km, 30 km og 50 km, i Trondheim og Meldal Ski-NM 1971: Nr 5 på 30 km på Fåberg. Gull i 3 x 10 km stafett

Kjelde Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Folk frå Sel