mini|Åtaket på Gibraltar av flåten til Baron de Pointis. Bernard Desjean, baron de Pointis () var ein fransk admiral og kaper.
Han tok del i marineoperasjonar i 1680-åra under Duquesne, som bombardementet av Alger og straffhandlinga mot Genova. I 1690-åra kjempa han under Tourville mellom anna i slaget ved Beachy Head i 1690.
I 1693 vart han chef d'escadre. I 1697 utførte han det største toktet sitt, raidet på Cartagena. Dette raidet vart så suksessfullt at han vart umåteleg rik og særs godt likt av kong Ludvig XIV. I 1702, etter at Jean Bart døydde, vart han utpeikt som leiar for Dunkirkers, men vart kort tid etter erstatta av Marc-Antoine de Saint-Pol Hécourt for manglande initiativ. I 1705 prøvde han å angripe Gibraltar frå sjøsida, men vart slått av John Leake i slaget ved Cabritaneset. Etter dette slaget trekte Pointis seg frå aktiv teneste.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bernard Desjean, Baron de Pointis» frå , den 28. januar 2012.
Kategori:Franske sjørøvarar Kategori:Franske admiralar Kategori:Franskmenn i niårskrigen Kategori:Franskmenn i den spanske arvefølgjekrigen