Heini Hemmi () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Churwalden. Han vann gullmedaljen i storslalåm under vinter-OL 1976. I 1977-sesongen, hans beste sesong, vart han nummer sju i verdscupen i alpint og gjekk heilt til topps i storslalåmcupen.
Aktiv Hemmi slo gjennom i januar 1970 då han vart nummer i slalåmrennet i Wengen. Ei veke etter gjennombrotet klatra han ein plass opp og vart nummer fire i storslalåmrennet i Kranjska Gora. Under den alpine verdsmeisterskapen i alpint 1970 i Gherdëina kom han som best nummer 11 i slalåm. Dei neste sesongane klarte han ikkje å hevde seg internasjonalt, men vart sveitsisk meister i slalåm 1973 og i storslalåm 1974. Først i 1975 tok han plass i verdseliten i spesialgreina si, storslalåm. 2. mars 1975 oppnådde han sin første pallplass i verdscupen, då han i Garibaldi i British Columbia kom på andreplass i storslalåmrennet, bakom den nye storslalåmkongen Ingemar Stenmark, men hårfint framom den førre storslalåmeinaren Gustav Thöni. I den sveitsiske meisterskapen i storslalåm forsvarte han meistertittelen.
Hemmis største prestasjon var sigeren i storslalåm under OL 1976 i Innsbruck. Med samanlagttida 3.26,97 var han 0,20 sekund føre landsmannen Ernst Good, som sikra sveitsisk dobbeltsiger framom Ingemar Stenmark. På tampen av OL-sesongen tok han sin første siger i verdscupen, då han vann suverene eit renn i Mont Sainte-Anne. Og så vart han sveitsisk meister på ny, men då i slalåm. Sesongen 1976/77 var Hemmi den beste storslalåmrennaren i verda, han vann då tre renn og kom seks gongar på pallen i verdscupen. Totalt kom han på sjuandeplass i verdscupen.
Året etter, 1978, kom Hemmi på åttandeplass i verdscupen og vart nummer fire i storslalåmcupen. Han kom då på andreplass i tre storslalåmrenn. Under VM i alpint 1978 i Garmisch-Partenkirchen kom han på fjerdeplass i storslalåm. Han vann og den sveitsiske meisterskapen i storslalåm, hans femte og siste SM-tittel. I sin siste sesong kom Hemmi to gongar på pallen i verdscupen, han avslutta den 19. mars 1979 si tid som aktiv med ein andreplass i Furano i Japan. Atter ein gong måtte han sjå slått av Ingemar Stenmark.
Hemmi stod 13 gongar på pallen i verdscupen i alpint, alle gongane etter slalåmtevlingar.
Verdscupsigrar Dato Stad Øving 18. mars 1976 Mont Sainte-Anne Storslalåm 12. desember 1976 Val-d’Isère Storslalåm 2. januar 1977 Ebnat-Kappel Storslalåm 24. januar 1977 Adelboden Storslalåm
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heini Hemmi» frå , den 1. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Olympiske meistrar for Sveits Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1976