mini|Glashytta ved Værket. Her blei kobolt blanda med pottaske og smelta saman til glas. Blaafarveværket (eigentleg Det Kongelige Modumske Blaafarveværk, seinare Modums Blaafarveværk) er ei tidlegare norsk gruve ved Åmot i Modum kommune i Buskerud. Verket var i drift i perioden 1773-1893, og var Noregs største industriverksemd i fyrste halvdel av 1800-talet. Av koboltmalm frå gruvene i området blei det lagd koboltblått, som blei nytta i papir-, porselens- og glasindustrien.

Det norske Blaafarveværket blei grunnlagt av den dansk-norske kongen i 1770-åra og dekte på det meste 80 % av verdsmarknaden for blåfarge. Alt i 1788 eksporterte verket blåfarge til Kina og Japan.

Blaafarveværket er no eit museum eigd av ei stifting, Stiftelsen Modums Blaafarveværk, som vart skipa i 1971. Museet vart konsolidert i samsvar med museumsreforma i 2004, og dette gav museet eit formalisert grunnlag for vidare satsing. Museet byggjer i dag verksemda si på å forvalte og vidareformidle industrisoga knytt til utvinning av kobolt (80% av verdsproduksjonen) i det som har vore dåtidas største norske industriverksemd.

Museet Blaafarveværket skipar dessutan til årlege kunstutstillingar i sommarsesongen.

Bakgrunnsstoff

Blaafarveværket Kunstutstillingar på Blaafarveværket Historien om mineralfunnet

Kategori:Byggverk i Modum Kategori:Museum i Buskerud Kategori:Tidlegare norske føretak Kategori:Kulturminne i Modum Kategori:Freda bygg i Buskerud Kategori:Skipingar i 1776 Kategori:Nedleggingar i 1898