Hans William Bentinck, 1. jarl av Portland, baron Bentinck av Diepenheim og SchoonhetenHuset Bentinck - website Europaan Heraldry, KG, PC () var ein nederlandsk og engelsk adelsmann som tidleg var ein av favorittane til Vilhelm, prinsen av Oranien, statthaldar i Nederlanda og den framtidige kongen av England. Han var standhaftig, fornuftig, smålåten og uvanleg roleg.Japikse, N. (1927) Correspondentie van Willem III ein Hans Willem Bentinck, Eersten graaf van Portland, Deel I, Het archief van Welbeck Abbey, s. XXI. The friendship and cooperation stopped in 1699.
Han reiste fleire gonger til England på Vilhelm sine vegner, mellom anna for å bed om handa til Maria, dotter til James, hertugen av York og den framtidige kongen av England, for Vilhelm. Då Vilhelm vart konge av England, vart Bentinck overkammerherre og geheimråd. I april 1689 vart han Baron Cirencester, vicomte Woodstock og jarl av Portland. Han kommanderte eit kavaleri i slaget ved Boyne i 1690, var til stades i slaget ved Landen, der han vart skadd, og i omleiringa av Namur i 1695.
Han var med på å få i stand freden i Ryswick i 1697. I 1698 var han ambassadør i Paris for seks månader.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «William Bentinck, 1st Earl of Portland» frå , den 2. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nederlandske diplomatar Kategori:Nederlandsk adel Kategori:Engelske jarlar Kategori:Hosebandsordenen Bentinck