Poul Heegaard () var ein dansk-norsk matematikar.

Han tok doktorgraden i 1898 ved Københavns universitet og var same stad professor i geometri og mekanikk frå 1910 til 1917. Han var professor i geometri ved Universitetet i Oslo frå 1918 til 1941. Doktoravhandlinga hans Topologiske forstudier til en teori for de algebraiske fladers sammenhæng var eit viktig arbeid i topologien. Han var ein av stiftarane av Norsk matematisk forening, redaktør for Norsk matematisk tidsskrift, og han gav ut frå 1922 til 1937 dei samla skriftene til Sophus Lie i lag med F. Engel) Sophus Lies samlede skrifter.

Han hadde ei allsidig kulturell interesse som fann mange virkefelt utanfor matematikken. Han var ein godt likt forelesar i Folkeakademiet, og dei astronomiske foredraga hans ligg til grunn for bøkene Populær astronomi (1902) og Stjerneverdenen: verdensbilledet gjennem tidene (1921). Han engasjerte seg i studentvelferd, i kristelege studentaktivitetar, i personalhistorie og i psykisk forsking. Han var frimurar, var ei tid sterkt opptatt av Oxford-rørsla og vart til slutt katolikk.

Kjelder Poul Heegaard. (2012-02-02) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/Poul_Heegaard

Kategori:Danske matematikarar Kategori:Norske matematikarar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Topologar Kategori:Folk frå København