Pilatus er eit 2 128 meter høgt fjell i Urner-Alpane i Sveits. Fjellet er frå nord eit landemerke ved vestenden av Vierwaldstättersjøen. Kantonane Luzern, Obwalden og Nidwalden møtest i eit felles «trippelpunkt» på toppen av fjellet.
Til nærliggjande Pilatus-Kulm, 2 073 meter over havet, går verdas steilaste tannhjulbane. Banen har på det brattaste ein hallingsgrad på 48 %. Frå Pilatus-Kulm er det ein kort tur til toppen av Pilatus.
Namnet «Pilatus» er kjent frå 1460. Ei seinare nedteikna segn seier at den romerske prefekten Pontius Pilatus vart gravlagd i ei fjelltjønn ('Pilatusee'), i dag ei gjengrodd myr.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pilatus (Berg)» frå , den 2. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Nettside med Pilatus Biletgalleri med bilete av Pilatus
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Obwalden Kategori:Fjell i Nidwalden Kategori:Fjell i Luzern Kategori:Turistmål i Sveits Kategori:Kabelvogner i Sveits