Raidet mot Oyster River (òg kjend som Oyster River-massakren) skjedde under Kong Vilhelm-krigen, den 18. juli 1694. I 1693 hadde engelskmennene i Boston gått inn i ein freds- og handelsavtale med abenakistammenen aust i Massachusetts. Franskemennene i Quebec under guvernør Frontenac ønskte å avbryte forhandligane og sende Claude-Sébastien de Villieu hausten 1693 til dagens Maine med ordre om å setje seg sjølv som leiar for dei akadiske indianarane og leie dei mot engelskmennene.Webster, John Clarence. Acadia at the End of the Seventeenth Century. Saint John, NB, The New Brunswick Museum, 1979. s. 57. Villieu var vinteren i Fort Nashwaak (sjå omleiringa av Fort Nashwaak i 1696). Indianarar-stammane i regionen var generelt usamde med kvarandre om dei skulle gå til åtak på engelskmennene eller ikkje, men etter diskusjonar med Villieu og etter noko press gjekk dei med på ein offensiv.
Den engelske busetnaden Oyster River (dagens Durham i New Hampshire) vart angripen av Villieu med om lag 250 abenaki-indianarar. Åtaket starta ved daggry og det vesle fortet fall raskt. I alt vart 104 innbyggjarar drepne og 27 tekne til fange.Webster, John Clarence. Acadia at the End of the Seventeenth Century. Saint John, NB, The New Brunswick Museum, 1979. s. 65 Halvparten av husa, inkludert garnisonane, vart plyndra og brend til grunnen. Avlingane vart øydelagde og buskapen drepen, noko som gjorde at dei overlevande svelta.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Raid on Oyster River» frå , den 3. februar 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kong Vilhelm-krigen Kategori:Engelske slag Kategori:Franske slag Kategori:Konfliktar i 1694 Kategori:Ny-Frankrike