Gulbukknøttyrann (Myiornis auricularis) er ein fugl i tyrannfamilien med leveområde langs atlanterhavskysten av Brasil, frå Bahia til Rio Grande do Sul og vestover litt inn i Argentina og Paraguay. Dette er ein av verdas minste sporvefuglar.
Skildring Gulbukknøttyrannen er 7 cm lang og veg kring 5 gram. Det er ein svært liten fugl med stort hovud i høve til kroppen og eit markant ansiktsmønster. Kjønna har lik fjørdrakt. Vaksne individ av nominatforma har eit bleikt kanelbrunt område rundt auga, kvite øyredekkfjører med ein svart halvmåne bak, og ein svart flekk under auget. Issen er lys olivengrøn med brunskjær, nakken og halsen grå, medan ryggen og overgumpen er klart olivengrøne. Vengene er mørke med olivengule kantar på svingfjørene og kvite tuppar på dekkfjørene; desse dannar to utydelege vengband. Stjerten er mørk, strupen og brystet er kvite med tynne svarte striper, resten av undersida er gul med litt olivenfarga striping. Underarten M. a. cinereicollis har oftast bleikare, lysare øyredekkfjører. Begge underartar har oransje iris, mørkt nebb og rosaaktige bein og føter.
Utbreiing og leveområde Gulbukknøttyrannen lever i økoregionen atlanterhavsskog. Underarten M. a. cinereicollis finst nordlegast, i austlege Brasil (sør-austlege Bahia, Minas Gerais og Espírito Santo), med nokre funn nord for Bahia. Nominatforma finst i sør-austlege Brasil frå Mato Grosso do Sul til delstaten Rio de Janeiro og sørover til nordlege Rio Grande do Sul, samt austlege Paraguay og Misiones-provinsen i nordaustlege Argentina. Arten held til i tett vegetasjon langs kantane av fuktig skog, men finst òg inne i skogen og i tre i engområde nær skoggrensa. Han lever frå havnivå og opp til om lag 1 250 moh.
Åtferd Gulbukknøttyrannen et insekt, men detaljert kunnskap om dietten manglar. Han leitar etter mat i dei nedre og midtre vegetasjonslaga, oftast opp til om lag 3 meter over bakken, og fangar bytte med korte hopp opp frå sitjeplass for å plukke det frå blad.
Hekkesesongen omfattar oktober til desember. Reiret er ei hengande «veske» med sideinngang, laga av kvistar og tørre blad, og har somme tider ein hengande «hale». Det heng vanlegvis frå ein vassrett grein 1–3 meter over bakken. Kullet består av to eller tre egg. Truleg er det berre hoa som rugar, men begge foreldra matar ungane.
Status Gulbukknøttyrannen er vurdert av Verdas naturvernunion IUCN som «livskraftig» (LC). Han har eit stort utbreiingsområde, men storleiken på populasjonen er ukjend og truleg minkande. Det er ikkje påvist akutte trugsmål. Arten blir rekna som nokså vanleg. «Sjølv om mykje av det eigna leveområdet har vorte øydelagt eller kraftig degraderte, finst han framleis i mange nasjonalparkar og andre verneområde innanfor utbreiingsområdet sitt.»
Kjelder
Første versjon av denne artikkelen var baset på «Eared pygmy tyrant» frå , den 10. mai 2025
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyrannfamilien Kategori:Fuglar i atlanterhavsskogen Kategori:Fuglar i Argentina Kategori:Fuglar i Brasil Kategori:Fuglar i Paraguay