Güferhorn er eit fjell i Dei lepontinske Alpane, mellom dalane Vals og Hinterrhein i Graubünden. Det har ei høgd på 3 379 moh og er den høgaste toppen i Dei lepontinske Alpane aust for Rheinwaldhorn. Nordsida av massivet er dekt av Güfergletscher, ein 2 km lang isbre. Han ligg oppfor 2 600 moh på austsida av ein rygg som går frå toppen av Güferhorn og mellom dalane Länta og Canaltal, som møtes ved Zervreilasee, sør for Vals.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Güferhorn» frå , den 7. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Güferhorn på Hikr.org
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden