Niesen er eit fjell i Berner Oberland i Dei sveitsiske Alpane, oppfor Thunsjøen og vert ofte kalla «den sveitsiske pyramiden».
Toppen ligg 2362 meter over havet det går ein kabelbane opp frå Mülenen (nær Reichenbach). Niesenbahn stod ferdig i 1910. I tillegg til banen går ei av dei lengste trappene i verda ved sidan av med 11 674 trinn. Trappa er berre open ein gong i året for ålmenta for eit årleg trappeløp.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Niesen» frå , den 9. februar 2012.
Bakgrunnsstoff Official site The Niesen Stair Run (in German) Current weather data and forecast for Niesen-Kulm
Kategori:Bern-Alpane Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Bern Kategori:Turistmål i Sveits Kategori:Kabelbanar i Sveits