Pizzo di Claro er eit 2 727 moh høgt fjell i Dei lepontinske Alpane, på grensa mellom kantonane Ticino og Graubünden. Det ligg oppfor Claro på vestsida, sjølv om Cresciano ligg nærare. På austsida ligg dalen Calanca nær Arvigo (Graubünden). Eit lite vatn ligg vest for toppen på 2 198 moh, Lago Canee.

mini|left|Utsyn nordover frå toppen. Det går merkte stiar til toppen frå begge sider. Den kortaste vegen startar frå oppfor Arvigo.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pizzo di Claro» frå , den 11. februar 2012.

Bakgrunnsstoff Pizzo di Claro på SummitPost

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Ticino Kategori:Fjell i Graubünden