Geithus er ein tettbygd stad i Modum kommune i Buskerud. Staden ligg ved Drammenselva, like sørom utlaupet frå Tyrifjorden. Statistisk sentralbyrå reknar Geithus og Åmot i Modum for ein tettstad då området mellom stadane er så tett busett at stadene har vakse saman. Tettstaden Åmot/Geithus har til saman SSB: «Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune».
Det tidlegare treforedlingskonsernet Union A/S (Union Co), skipa i 1873 av Benjamin Sewell (1845-1895), hadde ein av sine papirfabrikkar på Geithus. Dei andre fabrikkane i konsernet var Union Drammen (der mellom anna Union Scene ligg no), Union Bruk i Skien, og Skotfos Bruk på SkotfossAshehoug og Gyldendals ett binds leksikon 1982, side 1465, ISBN 82-573-0160-4. Alle desse fabrikkane er no avvikla.
Sjå òg Åmot i Modum Åmot/Geithus Tettstader i Buskerud
Andre nettstader Eldre fotografi frå Geithus på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
Kjelder SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Buskerud»
Kategori:Geografi i Modum