Arvid Nilssen () var ein norsk revy-skodespelar.

Han debuterte i 1935 ved Scala Teater og var med korte avbrot knytt til Chat Noir og Edderkoppen. Han debuterte på film med Bør Børson jr og hadde seinare biroller i fleire norske filmar.

I dag blir Arvid Nilssen kanskje best hugsa for rolla som den umælande mannen til Kari Diesen i sketsjen «Uteliggerne» (skriven av Bias Bernhoft og Bjørn Sand). NRK har ved fleire høve sendt dette nummeret der Nilssen utfaldar seg i nokre av sine spesialitetar, ein helt særeigen mimikk og framstilling av dei små i samfunnet gjort med eit snev av tragedie og melankoli.

Filmografi i utval 1938: Bør Børson Jr 1942: En herre med bart 1943: Vigdis 1946: Et spøkelse forelsker seg 1954: Aldri annet enn bråk 1955: Ute blåser sommervind 1961: Sønner av Norge 1963: Elskere 1964: Pappa tar gull

Prisar i utval 1968 – Leonardstatuetten

Kjelder

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Alvdal