Gunnstein Akselberg ()Oksfjellelv, Berit; Allkunne: Gunnstein Akselberg i Store norske leksikon på snl.no. Henta 29. april 2023. er ein norsk namnegranskar og professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen.
Liv og virke Akselberg er frå Voss. Han er cand.philol. og dr.art. frå Universitetet i Bergen. Doktorgradsavhandlinga hans frå 1995 heitte Fenomenologisk dekonstruksjon av det labov-milroyske paradigmet i sosiolingvistikken. Ein analyse av sosiolingvistiske tilhøve i Voss kommune. Han er redaktør for Namn og Nemne, Nordica Bergensia og Målbryting og leiar for prosjektet Talemålsendring i Noreg. I NRK Hordaland har han hatt språkspalta Snakk med oss i over femten år. Han har også skrive ei rekkje artiklar og bøker om språklege emne. Akselberg har vore språkkonsulent i programmet Eides språksjov på NRK1 sidan fyrste program i serien vart sendt 1. februar 2017.
Bøker i utval 2012 – Frå Bontelabo til Ånuglo : stadnamn i Hordaland 2008 – Ord og uttrykk frå Hordaland 1999 – Norsk referansegrammatikk 1984 – Veg- og gatenamnleksikon for Vossabygdi
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Gunnstein Akselberg i Universitetet i Bergen
Kategori:Folk frå Voss Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Norske namnegranskarar Kategori:Norske språkforskarar