Sigmund Selberg () var ein norsk matematikar. Han arbeidde særleg innan analytisk primtalsteori.

Han var tvillingbror til Arne Selberg, og bror av Atle og Henrik Selberg.

Han tok doktorgraden i 1942 og vart professor i matematikk i 1947 ved NTH, der han var fram til han nådde aldersgrensa i 1977.

Selberg vart medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1943, der han var eit særs aktivt medlem. Han var formann i Matematisk-naturvitskapeleg klasse i fleire periodar og preses for selskapet i 1974–1981. I tillegg var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1953 og av Koninklijke Hollandsche Maatschappij der Wetenschappen.

Kjelder

Kategori:Folk frå Bamble Kategori:Norske matematikarar Kategori:Norske matematikkprofessorar Kategori:Professorar ved NTH Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Talteoretikarar Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi