1702 (romartal MDCCII) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen. I den svenske kalenderen var det eit normalår som byrja på ein onsdag.

Hendingar mini|Kriegslager måla av Georg Philipp Rugendas i 1702-03. Pågåande konfliktar Den store nordiske krigen (1700–1721). Svenske styrkar gjekk til åtak på Polen-Litauen. Den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714)

Utlandet mini|Queen Anne's Procession to the Houses of Parliament. Måleri av Alexander van Gaelen.

9. januar: Den store nordiske krigen. Slaget ved Errastfer mellom svenske og russiske styrkar enda med russisk siger. 600 svenske soldatar blei drepne eller fanga. 8. mars: Vilhelm III av Storbritannia døydde. Prinsesse Anne Stuart blei utnemnd til dronning Anne av England, Skottland og Irland. 19. juli: Den store nordiske krigen. Slaget ved Kliszów enda med svensk siger over styrkar frå Polen-Litauen og Sachsen. September-oktober Den store nordiske krigen: Slaget ved Nöteborg i Ingermanland enda med russisk siger over svenskane, kapitulasjon og tap av festninga for dei svenske styrkane.

Noreg 19. mai: Bybrann i Bergen, den mest omfattande i historia til byen.

Fødde

27. februar: Johann Valentin Görner, tysk komponist 15. august: Francesco Zuccarelli, italiensk målar

Døde

17. februar : Peder Syv, dansk språkforskar, folkeminnesamlar og prest 17. september: Olof Rudbeck d.e., svensk naturforskar