Vitskapsåret 1837 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1837.

Hendingar Friedrich Wilhelm August Argelander publiserte ei undersøking av rørsla til sola i rommet. Friedrich Georg Wilhelm von Struve publiserte Stellarum Duplicium Mensurae Micrometricae. Louis Agassiz formulerte teorien om istida. Johann Peter Gustav Lejeune Dirichlet formulerte den moderne definisjonen på ein funksjon. Bernard Bolzano publiserte Wissenschaftslehre. Simeon Poisson publiserte forelesingar om sannsynlegheit og beslutningsteori. Samuel Morse viste fram sin telegraf for den amerikanske kongressen. Thomas Davenport tok patent på ein elektrisk motor. William Crompton tok patent på ein type vevstol. William Cooke og Charles Wheatstone tok patent på ein elektromagnetisk telegraf. Isambard Kingdom Brunels dampfartøy, SS «Great Western», blei sjøsett.

Prisvinnarar Copleymedaljen Antoine César Becquerel, fransk fysikar. John Frederic Daniell, britisk kjemikar og fysikar. Wollastonmedaljen Proby Thomas Cautley, britisk ingeniør og paleontolog. Hugh Falconer, skotsk botanikar og paleontolog.

Fødde 16. januar – Ellen Russell Emerson, etnolog (død ). 17. januar – François Lenormant, fransk assyriolog og numismatikar (død ). 19. januar – William Williams Keen, amerikansk lege (hjernekirurg) (død ). 23. mars – Richard Anthony Proctor, britisk astronom (død ). 7. mars - Henry Draper, amerikansk lege, astronom (død ). 3. april – John Burroughs, amerikansk biolog (død ). 26. mai – Washington Roebling, amerikansk bruingeniør (død ). 8. september – Raphael Pumpelly, amerikansk geolog og forskingsreisande. 4. november - James Douglas, metallurg (død ). 14. november – Lucas Barrett, britisk biolog og geolog (død ). 23. november – Johannes Diderik van der Waals, nederlandsk fysikar (død ). 28. november – John Wesley Hyatt, amerikansk oppfinnar (død ).

Døde 16. februar - Gottfried Reinhold Treviranus, tysk biolog og talsmann for lamarckisme (fødd 1776).