Oman, offisielt Sultanatet Oman, er eit arabisk land på søraustkysten av Den arabiske halvøya. Det har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Persiabukta, med grense til Dei sameinte arabiske emirata i nordvest, Saudi-Arabia i vest og Jemen i sørvest, og ei maritim grense med Iran og Pakistan. Kysten er forma av Arabiahavet i søraust og Omanbukta i nordaust. Eksklavane Madha og Musandam er omgjevne av UAE med Hormuzsundet og Omanbukta langs kysten av Musandam.
Frå seint på 1600-talet var det omanske sultanatet eit mektig rike, og kjempa med Portugal og Storbritannia om makt i Persiabukta og Indiahavet. På det største på 1800-talet strekte den omanske makta seg over Hormuzsundet til dagens Iran og Pakistan, og så langt sør som Zanzibar (i dag ein del av Tanzania). Då makta vart svekt på 1900-talet, kom sultanatet under britisk påverknad. Historisk var Muscat den viktigaste hamnebyen kring Persiabukta, og ei av dei viktigaste i Indiahavet. Den offisielle religionen i Oman er islam.
Oman er eit absolutt monarki. Sultanen Qaboos bin Said al Said herska over landet frå 1970 til han døydde i 2020. Han var lenge den lengstsitjande statsleiaren i Midtausten. Stoda til menneskerettane i Oman har vorte kritisert.
I motsetnad til dei ressursrike nabolanda, har Oman berre moderate oljereservar, og er rangert på 25. plass globalt. Likevel rangerte UNDP i 2010 Oman som det landet som har utvikla seg mest i løpet av dei føregåande 40 åra. Oman er kategorisert som høginntektsland og er rangert som det 59. mest fredelege landet i verda ifylgje Global Peace Index.
Historie
Oldtida I Aybut Al Auwal i Dhofar guvernement i Oman vart det i 2011 oppdaga ein stad med meir enn 100 steinreiskap på bakken. Desse høyrde til ein spesifikk afrikansk steinindustri - Nubia-komplekset - tidlegare berre kjend frå frå nordaustlege Afrika og Afrikas horn. To optisk stimulerte luminescens aldersestimat estimerer det arabiske nubia-komplekset til å vere 106 000 år gamalt. Dette støttar teorien om at tidlege menneske flytte frå Afrika og inn i Arabia i sein pleistocen. Dereaze, som ligg i byen Ibri er den eldste kjende busetnaden i området, datert 8 000 år attende i sein steinalder. Det er gjort arkeologiske funn her frå steinalderen og bronsealderen, som steinreiskapar, dyrebein, skjeler og eldstader. Ein eldstad er datert til 7615 fvt. og er det eldste sporet etter busetnad i området. Andre funn er handlaga keramikk med merke frå før bronsealderen, tunge flintverktøy og spisse verktøy og skraper.
venstre|mini|Ei grav i Al Ayn i Oman, ein verdsarvstad. Sumeriske tavler refererer til eit land kalla Magan eller Makan, eit namn ein trur syner til dei gamle kopargruvene i Oman. Mazoon er eit anna namn som er brukt om regionen, og kjem frå ordet muzn, som tyder tunge skyer med mykje vatn. Dagens namn på landet, Oman, trur ein kjem frå arabiske stammer som flytte til området frå Uman-regionen i Jemen. Mange slike stammer slo seg ned i Oman og levde av fiske, gjeting eller dyreavl, og mange av dagens omanske familiar kan spore røtene sine til andre delar av Arabia.
Frå 500-talet fvt. til islam kom til området på 600-talet evt., var Oman kontrollert og/eller påverka av tre persiske dynasti: akamenidane, partarane og sassanidane. Eit par forskarar meiner at akamenidane på 500-talet fvt. hadde stor kontroll over den omanske halvøya, og styrte truleg frå ein kystby som Sohar. Det sentrale Oman har sin eigen innfødde, såkalla kultursamling frå seinjarnalderen, Samad al-Shan. Kring 250 fvt. hadde Partia-dynastiet teke kontroll over Persiabukta. Dei strekte makta si så langt som til Oman, og oppretta garnisonar der for å ha kontroll over handelsrutene i Persiabukta. På 200-talet evt., tok sassanidane over etter Partia og heldt området fram til islam oppstod fire hundre år seinare. Omanarane var av dei fyrste som kom i kontakt med og godtok islam. Amr ibn al-As har jamnast fått æra for omvendinga av omanarane. Han vart send av profeten Muhammed under Zaid ibn Haritha-ekspedisjonen.
Portugisisk kolonisering Eitt tiår etter Vasco da Gama runda Kapp det gode håp og sigla til India i 1497–98, kom portugisarane til Oman og okkuperte Muscat i 143 år, frå 1507 til 1650. Festninga deira står framleis. Portugisarane trong ein utpost for å verne skipsrutene sine, og bygde ut byen med festningsverk. Restar av arkitekturstilen deira finst framleis. Ein osmansk flåte erobra Muscat i 1552, under kampen om å få kontroll over Persiabukta og Indiahavet.Holt, Peter Malcolm; Lambton, Ann K. S. and Lewis, Bernard (1977) The Cambridge history of islam, Cambridge University Press, ISBN 0521291364.
Dei osmanske tyrkarane erobra Muscat frå portugisarane igjen mellom 1581–88. Opprørske stammer klarte til slutt å drive ut portugisarane, men dei vart sjølve drivne bort eit hundreår seinare, i 1741, av leiaren for ei omansk stamme. Han byrja den noverande lina av regjerande sultanar. Utanom ein kortvarig persisk invasjon seint i 1740-åra, har Oman vore sjølvstyrt sidan den gongen.Oman History, omansultanate.com
1700- og 1800-talet mini|Sultanpalasset i Zanzibar, som ein gong var hovudstad i Oman og residens for sultanane. I 1690-åra pressa Saif bin Sultan, imamen i Oman, nedover Swahilikysten. Eit stort hinder for han var Fort Jesus, som hyste ein garnison frå den portugisiske busetnaden i Mombasa. Etter ei to år lang kringsetjing, fall fortet til bin Sultan i 1698. Etter dette dreiv omanarane portugisarane bort frå Zanzibar og frå alle andre kystområde nord for Mosambik, med hjelp frå somaliarar. Persarane invaderte Oman i 1737, men vart drivne ut att i 1749, då Al Said-dynastiet kom til makta. Dei styrer framleis Oman i dag.
Zanzibar var eit verdfullt område som den viktigaste slavemarknaden på Swahilikysten, og vart stadig viktigare for det omanske riket. Dette gjorde at sultanen av Oman, Sa'id ibn Sultan, på 1800-talet valde å flytte dit i 1837. Sa'id bygde imponerande palass og hagar i Zanzibar. Rivaliseringa mellom dei to sønene hans vart løyst, med hjelp av tvinga britisk diplomati, då ein av dei, Majid, tok trona i Zanzibar og dei mange regionane som familien gjorde krav på langs Swahili-kysten. Den andre sonen, Thuwaini, arva Muscat og Oman. Zanzibar påverka Komorane i Indiahavet og introduserte indirekte omanske skikkar i den komoriske kulturen. Dette omfatta både tekstiltradisjonar og bryllaupsseremoniar.
I 1783 slo Saiad Sultan frå Oman herskaren i Muscat, og fekk suverenitet over Gwadar. Denne kystbyen ligg i Makran-området i det som no er det sørvestlege hjørnet av Pakistan, nær dagens grense til Iran, ved munningen av Omanbukta. Etter å ha fått kontroll over Muscat, vart denne suvereniteten halden fram via ein utpeikt wali («guvernør»).
Hajarfjella, som Jebel Akhdar er ein del av, skil landet i to ulike regionar: det indre, kjent som Oman, og kystområda dominert av hovudstaden, Muscat. I 1913 vart kontrollen over landet delt. Det indre var styrt av Ibaditt-imamar og kystområda av sultanen. Britane var meklarar for Seeb-avtalen i 1920, der sultanen godkjende sjølvstendet til det indre området. Sultanen i Muscat skulle vere ansvarleg for utanrikssakene til Oman.
Under sultan Said si regjeringstid Regjeringstida til sultan Said bin Taimur vart skildra som føydalt og isolasjonistisk. Imam Ghalib Al Hinai vart utvald til imam i imamatet Oman i mai 1954. Tilhøvet mellom sultanen av Muscat, Said bin Taimur, og imam Ghalib Al Hinai sprakk over ein strid om retten til å gje oljekonsesjonar. Eit dotterselskap av Iraq Petroleum Company var særs interessert i nokre lovande geologiske formasjonar nær Fahud. Ifylgje Seeb-avtalen frå 1920 meinte sultanen at han hadde krav på alle tingingar med oljeselskap. Imamen meinte derimot at sidan olja låg på området hans, så var dette ei innanrikssak.
I desember 1955 sende sultan Said bin Zubair soldatar frå Muscat for å okkupere dei største byane i Oman, inkludert Nizwa, hovudstaden i imamatet Oman, og Ibri. Imam Ghalib Al Hinai og den yngre broren Talib bin Ali Al Hinai, leia imamatet Oman i Jebel Akhdar-krigen mot sultan Said bin Taimur. I juli 1957 trekte styrkane til sultanen seg attende, men vart stadig åtekne i bakhaldsåtak, og leid store tap. Sultan Said bin Taimurk klarte derimot med hjelp infanteri, pansra køyretøy og fly frå britane å slå ned opprørarane. Styrkane til Talib trekte seg attende til dei utilgjengelege Jebel Akhdar.
Oberst David Smiley, som vart sett til å organisere styrkane til sultanen, klarte å isolere fjellet hausten 1958 og fann ei rute til platået frå Wadi Bani Kharu. Den 27. januar 1959, okkuperte dei fjellet i ein overraskande operasjon. Ghalib, Talib og Sulaiman klarte å rømme til Saudi-Arabia, der saka til imamatet vart fremja fram til 1970-åra.
I 1955 vart eksklaven Makran avstått til Pakistan og vart ein del av Balutsjistan-provinsen, medan Gwadar ikkje var ein del av Makran då. Den 8. september 1958 kjøpte Pakistan Gwadar-enklaven frå Oman for 3 millionar US-dollar. Gwadar vart så ein tehsil i Makran-distriktet.
Det vart oppdaga oljereservar i 1964 og utvinninga byrja i 1967. I Dhofar-opprøret, som byrja i 1965, gjekk venstreorienterte styrkar til åtak mot statlege styrkar. Då opprøret truga med å styrte sultanen sitt styre i Dhofar, vart sultan Said bin Taimur avsett i eit blodlaust kupp (1970) av sonen hans Qaboos bin Said, som utvida dei væpna styrkane sine, moderniserte statsadministrasjonen og innførte sosiale reformer. Opprøret vart stoppa i 1975 med hjelp av styrkar frå Iran, Jordan, Pakistan og britiske Royal Air Force og Special Air Service.
Under sultan Qaboos si regjeringstid Etter at han avsette faren i 1970, opna sultan Qaboos opp landet, sette i gang økonomiske reformer, og moderniserte landet med å bruke meir pengar på helse, utdanning og velferd. I 1981 vart Oman eit av dei seks fyrste medlemslanda i Golfrådet. Det vart etter kvart òg innført politiske reformer. TIdlegare vart veljarane valde blant stammeleiarane, intellektuelle og forretningsmenn. I 1997 avgjorde sultan Qaboos at kvinner skulle få stemmerett og kunne veljast til Majlis al-Shura, Den rådgjevande forsamlinga i Oman. To kvinner vart så valde inn i forsamlinga.
I 2002 vart stemmerettane utvida til alle borgarar over 21 år, og det fyrste valet til Den rådgjevande forsamlinga med dei nye reglane, vart halde i 2003. I 2004 utpeikte sultanen den fyrste kvinnelege ministeren med portefølje, Sheika Aisha bint Khalfan bin Jameel al-Sayabiyah.«Oman appoints first female minister». BBC News. 4. mars 2003. Trass i desse endringane, var det få endringar i den faktiske politiske samansetjinga i regjeringa. Nesten 100 mistenkte islamistar vart arreserte i 2005 og 31 personar vart dømde for å prøve å styrte regjeringa. Dei vart til slutt gjevne nåde i juni same året.
Inspirert av den arabiske våren fann det stad opprør gjennom heile regionen. Det var òg demonstrasjonar i Oman tidleg i 2011. Dei demonstrerte ikkje for å styrte regimet, men kravde politiske reformer, betre levevilkår og fleire arbeidsplassar. Dei vart stoppa av opprørspoliti i februar 2011. Sultan Qaboos reagerte med å love jobbar og betre vilkår. I oktober 2011 vart det halde val til Den rådgjevande forsamlinga, som sultan Qaboos lova å gje større makt. Året etter byrja regjeringa å slå ned på nettbasert kritikk. I september 2012 byrja rettssaker for aktivistar skulda for å poste «grov og provoserande» kritikk av regjeringa på nettet. Seks av dei fekk 12-18 månader i fengsel og bøter på kring 2500 USD kvar.
Geografi
mini|Kysten av Sur i Oman.