Vitskapsåret 1905 er ei oversikt over hendingar, prisvinnarar, fødde og døde personar tilknytte vitskap i 1905.
mini|Robert Koch fekk nobelprisen i medisin i 1905.
Hendingar Fysikk Albert Einstein publiserte fire vitskaplege artiklar. Tre av desse vert kvar for seg rekna å vere tilstrekkeleg for å vinne Nobelprisen. Desse tre omhandla den spesielle relativitetsteorien, fotoelektrisk effekt og brownsk rørsle. I den fjerde kom han fram til at som ein konsekvens av relativitetsteorien er masse ei form av energi, E=mc².
Prisvinnarar Bigsbymedaljen: John Walter Gregory Copleymedaljen: Dmitrij Mendelejev Lyellmedaljen: Hans Reusch De Morgan-medaljen: Henry Frederick Baker Nobelprisar: Fysikk: Philipp Lenard Kjemi: Adolf von Baeyer Fysiologi/medisin: Robert Koch Wollastonmedaljen: Jethro Justinian Harris Teall
Fødde 18. mars - Thomas Townsend Brown, fysikar 27. mars - Elsie MacGill, luftfartsingeniør 11. august - Erwin Chargaff, biokjemikar 31. august - Robert Bacher, kjernefysikar
Døde 18. juni - Per Teodor Cleve, svensk kjemikar (fødd ). 20. august - Franz Reuleaux, tysk maskiningeniør og rektor for Den tekniske høgskulen i Berlin (fødd ).