Port de Balès er eit 1 755 meter høgt fjellpass i dei franske Pyreneane. Det er ein liten 19,2 kilometer lang veg opp til passet med ein snittstigning på 6,2 %, noko som gjer den fortent til å plasserast i hardaste etappekategori for franske sykkelritt, HC. Fram til sommaren 2006 var sørsida grusveg, men no er heile vegen over Port de Balès asfaltert. Frå passhøgda fører vegen D 925 etter 3,5 kilometer mot vest til den 1 855 høge Port de Pierrefite.
Tour de France Port de Balès stod 23. juli 2007 for første gong på programmet i Tour de France (17. etappe). Førstemann over toppen var Kim Kirchen. 15. etappe under Tour de France 2010 gjekk òg over passet.
Bakgrunnsstoff Informasjonsside om Port de Balès Høgdeprofil nordsida Høgdeprofil sørsida
Kategori:Tour de France Kategori:Fjellovergangar i Pyreneane Kategori:Fjellovergangar i Frankrike