Port de Larrau (spansk: Puerto de Larrau, baskisk: Larraineko mendatea eller Uthurzéhétako-Lépoua i den lokale baskiske dialekten Zuberoa) er eit 1 573 meter1 585 m som det står på skiltet gjeld grensesteinen ved vegen ovanfor høgt fjellpass i de sentrale Pyreneane. Det dannar overgangen mellom den tidlegare provinsen Soule i fransk Baskerland og den spanske Valle de Salazar. Det vil seie at den utgjer forbindelsen mellom département Pyrénées-Atlantiques og regionen Navarra. Over passhøgda ruvar den 2 017 m høge Pic d’Orhy (på spansk Orhi).

Strekning Når ein kjem frå nord fører vegen først gjennom dalen Gave de Larrau, deretter opp ein bratt stigning til staden Larrau på 630 moh. Her startar den eigentlege passvegen som over ei lengd på 7,3 km stig drøye 700 høgdemeter til den 1362 m høge Col d’Erroymendi. Utan store høgdeskilnader følgjer vegen deretter den austlege sida til Pic d’Orhy opp til 1424 moh. Dei siste 1,5 km opp til passhøgda er bratt med tre kurver. Den spanske sida er mykje flatare, til landsbyen Ochagavía på 758 moh. er det 19 km. Den øvre strekninga er 10,5 km lang med ein høgdeskilnad på 665 meter.

Tour de France Port de Larrau har så langt stått to gonger på Tour de France-programmet, og er på grunn av den store stigninga klassifisert som Hors catégorie – den hardaste kategorien. I 1996 vann Richard Virenque 17. etappe til Pamplona. I 16. etappe under 2007-Touren nådde Vicente Garcia Acosta passhøgda først, tett følgd av Juan Mauricio Soler som leia forfølgargruppa.

Referansar

Bakgrunnsstoff Høgdeprofil, nordsida Høgdeprofil, sørsida 16. etappe i Tour de France 2007 (Orthez Gourette - Col d’Aubisque, 218.5 km)

Kategori:Fjellovergangar i Frankrike Kategori:Fjellovergangar i Pyreneane Kategori:Tour de France Kategori:Aquitaine Kategori:Pyrénées-Atlantiques Kategori:Navarra