Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune i Vestland. Staden ligg på nordaustsida av øya Bømlo. Tettstaden har .

Rubbestadneset har grunnskule, vidaregåande skule, nærbutikk, hotell, bedehus, hurtigbåtstopp, frisørsalong og idrettshall med fotballbane. Rubbestadneset skulekorps vart stifta i i 1958.

Industri Bygda vaks fram rundt Wichmann Motorfabrikk som produserte båtmotorar frå 1903 til 1978. Då selskapet gjekk konkurs, vart det innlemma i finske Wärtsilä Norway AS, som i dag produserer propellar, gir og framdriftssystem, samt vedlikehald på Wichmannmotorar.

Den gamle smia der ein starta produksjonen av motorar står framleis i sentrum, og er i dag nytta som museum og utstillingslokale.

Kategori:Busetnader i Bømlo Kategori:Tettstader i Vestland