Sir Owen Willans Richardson () var ein britisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1928 «for hans arbeid med det termioniske fenomenet, og spesielt for oppdaginga av lova som er kalla opp etter han».

Frå 1906 til 1914 var han professor ved Princeton University i USA, og frå 1914 til 1924 professor ved King's College i London. Han vart Research-professor ved Royal Society og Director of Research ved King's College frå 1924 til 1944. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1928 for arbeid om elektron som vert sendt ut frå glødande metall, den såkalla Edison-Richardson-effekten, og særskild for oppdaginga av Richardson-lova, som viser korleis elektronstraumen frå overflata av eit metall er avhengig av temperaturen.

Han vart adla i 1939.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Owen Willans Richardson» frå , den 19. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Britiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå West Yorkshire Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet